Elektrifiserer hamna

SFE <picture/>

I dag opna eit landstraumsanlegg på Fugleskjærskaia i Florø. Sjøfarten står i dag for over 2/3-delar av klimagassutsleppet i Florø, men med eit landstraumsanlegg på plass er ein godt i gang med å redusere lokale miljøpåverknader.

Etterlengta tilbod
Lokalisert midt mellom Bergen og Ålesund, er Florø Hamn KF i Florø eit knutepunkt for sjøtransport.Dette er det første landstraumsanlegget på offentleg kai i Sogn og Fjordane. Det er Florø Hamn med Sogn og Fjordane Energi (SFE) som samarbeidspartnar som står bak prosjektet.

Florø Hamn er mellom dei mest trafikkerte hamnene i området vårt og hamna merkar allereie etterspurnad etter eit landstraumstilbod. På bakgrunn av dette starta vi eit prosjekt med sikte på å etablere tilbod ved dei to mest trafikkerte kaiene til hamna vår, seier hamnesjef, Linda Mortensen Midtbø.

Ordføraren opna
Etter planen skulle eigentleg samferdsleminister, Knut Arild Hareide, opne det nye landstraumsanlegget. Han vart dessverre forhindra, så Ola Teigen sto for den offisielle opninga. 

SFE er den viktigaste samarbeidspartnaren for at Kinn kommune skal nå sine vedtekne klimamål. Som ordførar i Kinn kommune er eg stolt av eigarskapen i SFE og optimistisk for framtida. Florø Hamn si satsing på landstraum kjem til å få mange positive ringverknader framover. Ekstra fint er det at dette er eit prosjekt som mange lokale bedrifter har vore med på å realisere. Det er kjekt å vere ordførar i ein miljøbevisst kommune med så mange flinke folk, seier Ola Teigen.

Felles satsing på det grøne skiftet

Hovudkaia til Florø Hamn ligg sentralt i Florø by, tett på busetnad og næringsliv. Elektrifisering av hamna vilredusere støyforureininga i sentrumskjerna, samt gje båtane eit rimelegare alternativ enn å drifte på hjelpemotorar ved kailigge.

Tilrettelegging for landstraum for skipsfarten vil bidra til ei hurtigare elektrifisering av sjøtransporten, redusere utslepp frå den marine sektoren og bytte ut bruken av fossil med fornybar energi  – noko vi har rikeleg i vår region. Landstraum er soleis ei satsing som høver godt inn i SFE sin strategi, seier konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti.