Enova-støtte til Hyfuel

23.06.2022
SFE <picture/>

HyFuel får 132 millionar kroner i støtte frå Enova. Selskapet får med det ei viktig støtte til oppstart av produksjonsanlegget for grøn hydrogen basert på fornybar energi og elektrolyse.

 - Med Hyfuel si investeringsstøtte frå Enova er SFE med på å ta posisjon i ein ny og spanande grøn verdikjede som kan bli sentral på Vestlandet i tida som kjem, seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Johannes Rauboti.

SFE eig HyFuel i lag med Fjord Base Holding og Gasnor, med ein eigardel på 33,3% kvar. Saman med fire andre grøne knutepunkt langs norskekysten skal selskapet bidra til å få i gang nullutsleppsløysingar i norsk, marin sektor.

-      Hyfuel kan med dette vere med på å omstille sjøfarten, seier Rauboti.

Prosjektleiar i Hyfuel, Vegar Lavik er einig:

- Vi er stolte og ydmyke over støtta frå Enova. Vi har stor tru på at hydrogen vil spele ei viktig rolle for å nå klimamåla, og saman med lokale samarbeidspartnarar har vi ambisjon om å få i gang hydrogenanlegget i løpet av 2024, seier Lavik.


Eineste i Vestland
Det var mange som søkte om støttemidler i Enova si støtteordning for hydrogen til maritime prosjekt. HyFuel var den einaste av søkarane frå Vestland fylke som fekk stønad.

- Med dette blir Florø i sentrum for etableringa av ein ny, grøn verdikjede på Vestlandet. Vi har både kompetansen som skal til og sikrar med dette lokal bruk av krafta som vi har rik tilgang på her i regionen. I tillegg er vi nær marknaden , seier styreleiar i HyFuel Ole Schanke Eikum.

Unik plassering
Produksjonsanlegget skal byggast på Fjord Base i Florø, som er ei sentral hamn mellom Ålesund og Bergen med over 2000 årlege skipsanløp. Tomta der det nye produksjonsanlegget skal byggast er allereie grovplanert og klar. På nabotomta ligg Havlandet, som er i gang med eit storskala landbasert oppdrettsanlegg for torsk.

- Vi er i dialog med Havlandet og her ser vi for oss eit godt samarbeid som vil tene begge partar. Restprodukta frå hydrogenproduksjonen skal nyttast vidare hos Havlandet. Slik får vi utnytta fabrikken maksimalt med ein sirkulær økonomisk tilnærming, seier Vegard Lavik.

HyFuel har ambisjon om oppstart av anlegget hausten 2024.