UTRYGG IS PÅ REGULERTE VATN

Utrygg is

Trygg ferdsel på tur i vinterferien!

Etter ein lang kuldeperiode, blir det no mildare vêr framover. Skal du på ski, skøyter eller fottur, må du mellom anna passe deg for islagde elver og vatn, og særleg dei som er regulert til kraftproduksjon. På desse vatna kan isen vere betydeleg svekka  i områder med rennande vatn, nær kraftverksinntak. Skråståande isflak utgjer og ei fare. Ved dei fleste regulerte vatn er det sett på fareskilt som varslar om utrygg is og på iskart.no og varsom.no/isvarsling kan du få sjå det nærare. Sjølv om du ikkje finn «faremeldingar» for akkurat det vatnet du tenkjer deg på tur til, er det likevel stor grunn til å vere varsam. Det er meldt vêromslag i heile landet og NVE ber folk passe på. Kvar og ein må sjølv vurdere tilstanden og sin eigen tryggleik.

God tur, hold avstand, ver varsam og ta vare på kvarandre! Ha ein trygg og god vinterferie!