Snø på linjene

12.01.2021
SFE <picture/>
Vinteren er her for fullt og vi har fått mykje snø på kort tid. Sjølv om det er kjekt med snø, kan det skape utfordringar for straumnettet når det kjem mykje ein gong. Snøen legg seg på linjene, eller på tre som kjem bort i linjenettet. Tung snø i tre, buskar og kratt kan gjere at vegetasjon kjem i kontakt med straumlinjene og det kan føre til straumbrot.

Ser du ei grein som heng tett på straumlinja, eller ei linje som heng uvanleg lågt, set vi pris på at du tek kontakt med oss på Linja sin vakttelefon 57 88 48 00. På den måten kan vår døgnopne driftssentral undersøkje nærare og vi kan unngå straumbrot.

OBSDet er svært viktig at ein aldri går nær eller strekk skistaven opp mot ei straumlinje. Hald god avstand også til tre eller anna som har kome i kontakt med leidningane.