KRAFT I VEST 26.-27. SEPTEMBER 2019

SFE <picture/>

Velkomen til Kraft i Vest-konferansen 26.-27. september.

Klimakampen spissar seg for alvor til. Har Noreg ei rolle å spele?
Tema for årets konferanse er "Verdas første fullelektriske fornybarsamfunn". I tillegg til å oppdatere deg på ny teknologi, får du innspel på korleis ein skapar kultur for endring.

Vi drøftar kva rammevilkår som må til for meir elektrifisering i samfunnet, korleis leiarar kan motivere til endringsvilje og korleis klimaendringane og tilpassing til desse kan skape nye forretningsmuligheiter.

I fjor lanserte vi Driv-prisen - ein grøn innovasjonspris for å få fart på det grøne skiftet. I år kårar vi den fyrste vinnaren, og det er framleis mogleg å nominere.


Sjå programmet her eller gå direkte til påmelding her.

Praktisk informasjon

Sjå også vår Facebook-side.

Kraft i Vest har etablert seg som ein viktig næringskonferanse, med over 300 deltakarar kvart år. På scena har vi samfunnstoppar, næringsleiarar og fagekspertar, som deler kompetanse innan tema som grønt næringsliv, teknologiske og miljøvenlege nyvinningar og innovative bedriftskulturar. Kraft i Vest blir arrangert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet.